Print 

Velkomen til ny Heimeside

 

Vi som ønskjer velkomen er:

           

Eid Idrettslag – skigruppa

            Eid Jeger og Fiskelag

            Eidsbygda Skyttarlag

            Heia Idrettslag

 

Adressa til sida blir som før : fellesanlegget.no

 

Tua/Stigedalen/Fladalen er eit område som blir mykje nytta av både aktive og mosjonistar til konkurransar og rekreasjon. Denne naturperla er til alle tider blitt brukt av folk frå både nær og fjern og slik skal det også fortsatt vere. Midt i denne perla ligg Fellesanlegget-Tua med sine mange aktivitetar. Dette genererer stor bruk av området både sommar og vinter. Av desse grunnar har vi følt eit stort behov for ei eiga heimeside. Vi ønskjer at dei som på ein eller annan måte er brukar av området, også skal vere brukar av denne sida. Vi ønskjer også tilbakemeldingar, både ris og ros, som kan føre til at vi kan utvikle sida vår til eit stadig betre produkt.

 

Hjartelig velkomen til alle!

 

For å få fram kva som er intensjonen og styringsdokumentet for Fellesanlegget-Tua, finn vi det rett å gjengi vedtektene.

 

Vedtekter for Fellesanlegget  - Tua

(Revidert 2002)

 

§ 1. Namn

Partslaget sitt namn er ”Fellesanlegget – Tua”

Laget er heimehøyrande i Eid kommune.

 

§ 2. Partar

Laget sin eigenkapital er kr. 200.000,- fordelt på fire partar, kvar på kr, 50.000,-

Partane er:

Eidsbygda skyttarlag

Eid jeger og fiskelag

Eid idrettslag

Heia idrettslag

 

Partane kan ikkje overdragast utan samtykke frå styret. Ved sal av partar, har dei andre partane førsterett til kjøp.

Partslaget kan utvidast etter framlegg frå styret til generalforsamlinga.

 

§ 3. Formål

Laget skal drive og utvikle anlegget, legge til rette for fritidsaktivitetar og trim, som skal vere opne for alle.

 

§ 4. Anlegget/maskiner

Laget sitt felleseige er huset, garasje, speakerbud, skiskyttararena, veg og parkeringsareal, snøscooter og trakkemaskin.

 

§ 5. Organ

Partslaget sitt leiande organ er:

  1. Styre
  2. Generalforsamling
  3. Ekstraordinær  generalforsamling.

 

§ 6. Styret

Laget vert leia av eit styre på 8 personar, som er samansett av to frå kvar av partane med personlege vara.

Styret er samansett av leiar, nestleiar, kasserar, sekretær og fire styremedlemmar.

Partane kjem kvart år med framlegg på kandidatar til styret m/personelge vara.

Saman har styret laget sin signatur, men dei kan gje prokura.

Styremøte skal haldast når leiaren fastset det, eller når minst 2 frå styret krev det. Styret er vedtaksføre når det møter minst 5 personar. Vedtak vert gjorde med simpelt fleirtal. Ved likt stemmetal har leiaren dobbeltstemme.

Det skal førast protokoll frå møta, som skal skrivast under av dei frammøtte. Saker som krev  mykje skriving kan godkjennast på neste møte.

 

§ 7. Styret sine plikter

Styret skal:

  1. Verne om laget sine interesser og representere laget utad, forvalte midlane til laget, handheve vedtektene og følgje opp vedtak i generalforsamlinga.
  2.  Kalle inn til generalforsamling og legge fram årsmelding og rekneskap for siste kalenderår, samt handlingsplan og budsjett for komande år.

 

§ 8. Rekneskap

Laget sitt rekneskapsår  er kalenderåret.

Rekneskapen skal reviderast av to revisorar, som er valde av generalforsamlinga.

Laget dekkjer faktiske utgifter som laget har i laget si teneste.

 

§ 9. Generalforsamling

Generalforsamling skal haldast kvart år innan  1/4.

Styret kallar inn til generalforsamling med 14 dagars varsel.

Saker til generalforsamlinga  skal sendast styret før 1/2.

Generalforsamlinga skal vere open for partane sine medlemmer. Kvar part har max. 10 stemmer. Stemmeberettiga vert fastsett ved opninga.

Saker som ikkje er oppført på saklista kan ikkje avgjerast av generalforsamlinga utan at styret fremjar saka for generalsforsamlinga, som med 2/3 fleirtal kan vedta å handsame saka.

Vedtektsendringar kan berre handsamast av vanleg generalforsamling og krev 2/3 fleirtal.

Andre saker krev kun vanleg fleirtal.

Generalforsamlinga er vedtaksføre med det antal medlemmar som møter.

Det skal førast protokoll frå generalforsamlinga, som skal skrivast under av to valde representantar.

Generalforsamlinga skal kontrollere at tidlegare avgjerder er utførde i samsvar med føresetnadane.

Val skal vere skriftleg om nokon krev det. Ved likt stemmetal skal det vere loddtrekning, om ikkje generalforsamlinga bestemmer noko anna.

Styreleiar leiar generalforsamlinga.

 

Sakliste:

  1. Godkjenning av innkalling.
  2. Val av to medlemmar til å skrive under protokollen.
  3. Årsmelding for siste kalenderår.
  4. Rekneskap for siste kalenderår.
  5. Fastsetting av honorar til styreformann og andre tillitsvalde.
  6. Avgjerd for fordeling av evt. underskot.
  7. Handlingsprogram og budsjettforslag.
  8. Val av leiar, nestleiar, kasserar, sekretær og fire styremedlemmar, alle med personlege vara.
  9. Val av revisor.
  10. Andre saker som er nemnde i innkallinga, eller som vert fremma etter vedtektene.

 

 

§ 10. Ekstraordinær generalforsamling

Ekstraordinær generalforsamling skal kallast inn skriftleg med 8 dagars varsel, når styret finn det turvande, eller ein av partane krev det.

Ekstraordinær generalforsamling kan berre handsame saker som er nemnde i innkallinga.

 

§ 11. Oppløysing av laget

Om det ligg føre eit grunngjeve forslag om oppløysing av laget, eller at ein av partane opphøyrer,  skal styret legge dette fram for generalforsamlinga.

Avgjerd krev 2/3 fleirtal av to påfølgjande generalforsamlingar.

Ved oppløysing av laget skal laget sine midlar, eigedelar og anlegg, disponerast  av Eid kommune.

 

§ 12

Spørsmål som ikkje er omtala i vedtektene, skal handsamast i samsvar med reglane i den til ei kvar tid gjeldane aksjelov.

Tidlegare vedtekter var etter dåverande reglar for STUI-midlar, godkjende av Kultur og vitenskapsdep. Endringar skulle godkjennast av dei. Departementet er endra, og regelverket gjeld ikkje lenger. Ut frå det er vedtektsendringa ikkje sendt inn for godkjenning.

Vedtektsendringar skal i framtida godkjennast av generalforsamlinga.

 

 

 

                                   Nordfjordeid, 17/6-02